AKROTRENING:

- Dette er ingen «bajasflyging»

Å fly akro, krev ikkje berre god mage, men i høg grad kondisjon, uthald, presisjon og ikkje minst fokus på sikkerheit.

SJU DELTOK: De sju deltakarane ved treninga på Sørstokken var i eit aldersspenn fra 42-67 år. De kom fra Bergen Aeroklubb, Voss Flyklubb og Nedre Romerike Flyklubb.
SJU DELTOK: De sju deltakarane ved treninga på Sørstokken var i eit aldersspenn fra 42-67 år. De kom fra Bergen Aeroklubb, Voss Flyklubb og Nedre Romerike Flyklubb. (Bilde: Signe Kristin Hovland)

Flynytt har mottatt denne artikkelen fra Signe Kristin Hovland på Stord:

Ein flytur i eit «småfly» kan vera utfordrande nok for mange. Når ein i tillegg skal fly opp-ned, både horisontalt, vertikalt, i loop, og gjer andre spektakulære flymanøvreringar, treng ein eit klart hovud og ikkje minst ein mage som toler det.

AKROTRENING: I slutten av juni vart det arrangert akrotrening i regi av Aerobatic Club of Norway ved lufthamna på Stord.
AKROTRENING: I slutten av juni vart det arrangert akrotrening i regi av Aerobatic Club of Norway ved lufthamna på Stord. Foto: Signe Kristin Hovland

Tidlegare i sommer vart det arrangert akrotrening i regi av Aerobatic Club of Norway ved lufthamna på Stord.

Heldigvis var både vêr og vindtilhøva på godsida, og akrotreninga gjekk føre seg i sol, og til ein nærast skyfri himmel.

15-20 med akroutsjekk på Vestlandet

I løpet av helga vart det utført utallige loopar, vertikale stup, og opp/ned-flyging i fleng. Sjølve treninga går føre seg ved å skulle følga eit visst konkurranseprogram som inneber ei bestemt rekkefølgje manøvreringar, innanføre ein box i utstrekninga 1x1km.

-Av 100 akroklubbmedlemer på landsbasis, finn me 15-20 stykk med akroutsjekk på Vestlandet, fortel Ivar Dyrdal.

Han er leiar i akrokomiteen i Norsk Luftsportsforbund, assisterande skulesjef ved Nedre Romerike flyklubb og ansvarleg for dagens treningssamling. Ved laurdagens trening var det sju deltakande utøvarar, då frå både Bergen Aeroklubb, Voss Flyklubb og Nedre Romerike Flyklubb.

- Strenge krav

Å fly akro, krev ikkje berre god mage, men i høg grad kondisjon, uthald, presisjon og ikkje minst fokus på sikkerheit.

AKROTRENING: - Mange trenar akro for å delta i konkurranse, men også for å auka kunnskapen sin med hensyn til å manøvrera eit fly betre i turbulent vêr, der maskina kan komma i uvante stillingar. Ein trenar ryggmargsrefleksen, fortel Ivar Dyrdal.
AKROTRENING: - Mange trenar akro for å delta i konkurranse, men også for å auka kunnskapen sin med hensyn til å manøvrera eit fly betre i turbulent vêr, der maskina kan komma i uvante stillingar. Ein trenar ryggmargsrefleksen, fortel Ivar Dyrdal.

- Her er strenge krav som skal trenast. Viker ein så lite som fem grader fra ein bestemt posisjon, vert ein trekt poeng i konkurransesamanheng, fortel Dyrdal vidare, og legg til at ein alltid gjennomgår ulike sikkerheitsrutinar i briefingar, ved slik type flyging.

- Dette er ingen «bajasflyging». Mange trenar akro for å delta i konkurranse, men også for å auka kunnskapen sin mht å manøvrera eit fly betre i turbulent vêr, der maskina kan komma i uvante stillingar. Ein trenar ryggmargsrefleksen, seier han.

Fra 42 til 67 år

Deltakarane ved treninga på Sørstokken, i eit aldersspenn fra 42-67 år, såg ut til å ha ein kjekk og lærerik dag.

De som deltok var:

Fra Bergen Aeroklubb: Ivar Henriksen, Bjørn Eivind Halvorsen, Bjørn Harald Korsur, og Petter Strømme.

Fra Voss Flyklubb: Håkon Fosso.

Fra Nedre Romerike Flyklubb: Ivar Dyrdal og Bendik Johansen.

 

 

 
 

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Nyheter fra AVweb

Researcher Seeks Input On Landing Techniques

Douglas Boyd, a researcher with the University of Texas, is looking into factors that affect landing safety for...

Boeing Announces New Future-Tech Division

Boeing announced the formation of a new division at the Farnborough International Airshow on Tuesday. The goal of...

Dynon Launches Two New Portables

Dynon is introducing the D3 Pocket Panel and DRX Portable Dual Band ADS-B Traffic and Weather Receiver at...

Les mer

Fra NLF-Motor

Til toppen