ALDRI FOR SENT Å STARTE: Borghild Rullestad (87) hadde nylig sin første tur i mikrofly. Hun utelukker ikke at det blir fler. Her er hun fotogfrafert sammen med pilot Bjørn Østrem.

Høgtflygande i lykkerus

At Borghild Rullestad skulle sveva høgt oppi skyene sitjande i eit gult lite microfly som 87 åring, hadde ho aldri trudd. I hvert fall ikkje at ho skulle elska det.

Publisert Sist oppdatert

 -Ein lykkefølelse, heilt fantastisk. Eg har aldri opplevd noko liknande.

Godorda kjem som perler på ei snor då Borghild Rullestad har fått av seg redningsvest og sikkerhetsbelte etter ei smooth landing på Stord Lufthamn Sørstokken. Pilot var Bjørn Østrem fra Stord Flyklubb.

Ikkje lettskremd - Men korleis havna du eigentleg oppi eit slikt microfly. Er det ein draum du har hatt?

- Nei eigentleg ikkje, men son min Bjarne vart nett utsjekka som pilot  på microfly, og då ville eg vera med ein tur opp, svarar den tøffe 87-åringen. –Men eg trur ikkje han ville ha meg med nett no, han var nok redd eg skulle bli nervøs der oppe, held ho fram.

- Ja, eg tenkte det var nok best du flaug med Østrem`en, siden det var første gong i eit slikt småfly, bekreftar Bjarne Rullestad.

- Åja, eg skal få vera med fleire gonger altså? Ja, det vil eg gjerne, svarar Borghild med glimt i auga. Og meinar det ho seier. På tur med microfly vil ho gjerne oppleva fleire gonger.

- Og ho vart ikkje nervøs, bekreftar Bjørn Østrem, microfly-pilot, og flyinstruktør ved Stord Flyklubb.

Heile Sunnhordland Borghild Rullestad er fødd og oppvaksen i Vats, så var det til desse kantar ein sette kurs etter avgang Sørstokken.

- Eg fekk sett Åkrafjorden, Rullestad, Etne, Ølen, Vats, ja heile Sunnhordland, guida av Østrem. Barndomsheimen min fekk eg òg sett, eg kjende meg godt att. Me har eit nydeleg land, og slikt som eg har fått sett landet no ser ein ikkje fra dei store flyene. Det var heilt fantastisk, seier Borghild nok ein gong. Ho smiler breitt, både med augo og munnen. Det er tydeleg at flyturen gav endorfiner.

- Du er skikkeleg tøff, du?

- Ein må leva medan ein kan. Det er for seint etterpå, konstanterar 87-åringen.

- Så no er det ikkje lenge til du vil opp igjen?

- Ja det skal i hvert fall ikkje stå på meg, smiler ho.

Ikkje med henda i fanget Under samtalen med Borghild, der ein også kjem litt innpå livet hennar generelt, slår det meg at ho nok må vera eit rivjern av ei dame.

SPREK DAME: 87 år gamle Borghild Rullestad stortrives i luften.

- Eg likar å driva tida mi med noko som gjev meining. Eg er sosial og glad i å vera med folk, det betyr masse for meg. Eg har dessverre opplevd å miste tre av fem born og det har vore veldig vondt. I tillegg miste eg mannen min som eg har vore så glad i heile livet, og vart enke som 60-åring. Men med gard, kyr og sauer, måtte eg stå på og jobba vidare. Heldigvis har eg vore så heldig å få 5 barnebarn og eit oldebarn. Det er fantastisk kjekt å få oppleva.

I tilegg er Borghild aktiv med i Øvre Vats misjonsforening, og særleg ser ho fram til neste møte.

- Då kan eg fortelja at eg har vore oppe i microfly.

- Trur du dei vil tru deg?

- Det spørst. Men ja det vil dei. Dei veit at eg er tøff, smiler Borghild.

Powered by Labrador CMS